Link til den originale artikkelen (Stavanger Aftenblad)
Publisert: 28.12.24 av journalist Kristine M. Stensland
Den lokale standupklubben leverer over hundre show i året. I romjula byr dei på eit komisk pusterom for både siddisar og jærbuar.
På to år har dei hatt 221 show
Trond Anfinnsen blei standupkomikar i sin eigen 50-års dag. Foto: Magnus Kolstad
Adjektivfortelling. Lenge sidan sist? Barneskulen, kanskje, då dei mest populære adjektiva var spygrøn og bæsjete?
– Kva er adjektiv? spør Steini Kvindesland.
Framføre han er vaksne menneske med noko godt i glaset på ein pub som er pynta til jul.
Nokon i forsamlinga veit, heldigvis, at eit adjektiv er eit ord som skildrar eit substantiv.
Kvindesland peikar. Den som peikefingeren peikar på, må koma med eit ord. Sexy blir nemnt.
– Tjukksexy sånn som meg? spør Kvindesland og ler, full av sjølvironi, eit essensielt arbeidsverktøy for ein standupkomikar.
Han er konferansier og har i oppgåve å varma opp publikum på Ølstova Mellombels, Bryne, fredag kveld.
Laurdag kveld skal noko veldig liknande gjenta seg på Blåveis i Stavanger.
Standup Stavanger byr på romjulsstandup.
Klubben
På to år har Standup Stavanger hatt 221 show, ifølgje leiar Kjetil Melkevik.
Showa er av ulike format: Festivalar, klubbkveldar, onsdagsshow i Grottene på Folken, omreisande show, som dette på Bryne, og humorgalla.
Om konferansier Steini Kvindesland ser sånn på deg, kan du vera sikker på at du snart blir nøydd til å seia noko til forsamlinga. Foto: Kristine M. Stensland
Kjetil Melkevik lever av standup. Foto: Fredrik Refvem
– Me jobbar for at standup skal vera tilgjengeleg for flest mogleg. Me held oftast på med observasjonshumor om ting som skjer i eige liv. Og så vitsar me med det som er i nyhendebildet, seier Melkevik.
Klubben har rundt 20 aktive komikarar. Berre fire av dei er kvinner, og ingen av dei står på plakaten i romjula. Men kanskje kjem det fleire?
– Då me hadde kurs i september, var det sju påmelde, og alle var damer. Det var ei positiv overrasking, seier han.
Sjølv har Melkevik forlate regionen for å feira jul hos svigers. I julebordssesongen hadde han jobbar kvar helg. Han er ein av dei som gjer dette som fulltidsjobb.
Regule – RING
Dei som står på scenen på Bryne, har ein annan jobb ved sida av, som lærar eller kokk, til dømes.
– Eg er overraska over at det ikkje er fleire folk her, seier Nina Fjotland som sit komfortabelt på ein mjuk benk ved sida av ektemannen Njål.
Nina og Njål Fjotland liker at komikarane er heilt vanlege, kvardagslege folk. Foto: Kristine M. Stensland
Begge var på standup i romjula i fjor, og då var det eit vesentleg større publikum. Fjotland-paret nølte ikkje med å koma tilbake.
– Nokon av desse komikarane er festlege. Og så slepp me juleselskap, seier Nina og ler.
Før pausen var favoritten hennar Bård Malde Frøyland. På scenen seier han at han er 21 år, og det kan kanskje vera sant, sjølv om langt frå alt som blir sagt her, er det. Som til dømes at han i jobben i heimetenesta klipte tånegler med grasklippar.
Bård Malde Frøyland var kveldens yngste komikar. Foto: Kristine M. Stensland
Vitsane hans er i denne gata, og kanskje fungerer det ikkje heilt når ein gjer det om til tekst som dette, for humoren heng tett saman med karakteren han har skapt av seg sjølv.
Frøyland undrar seg til dømes over at det ein har i munnen heiter regulering, når det er ein halvsirkel. Då publikum ikkje tar vitsen med det same, men det var nok også poenget, presiserer han: Regule-RING.
Debut
Mens Fjotland-paret hadde planlagt å koma, er det andre som er her fordi dei skulle treffast på Mellombels, og så plutseleg var det standup. Heilt greitt det, høyrest det ut som, for latter blir produsert også på deira kant.
Anne Lise Vigre fekk billettar i julegåve. Dette er debuten hennar som standup-publikum. Og sidan ho sit heilt framme, får ho verkeleg oppleva korleis det er å bli utvald av konferansieren. Det tar ho på strak arm, og med godt humør.
Anne Lise Vigre (framme) var nøgd med julegåva si. Foto: Kristine M. Stensland
Men som Steini (her er me på førenamn) presiserer til alle i salen:
– Du må seia frå viss du ikkje liker at eg snakkar med deg. Det hadde ikkje brydd meg.
Satsar i Oslo
Komikaren Håvard Hagli frå Sandnes er attpåklatt. Eit ord han ikkje liker. Men han likte endå dårlegare ordet han fann då han prøvde å finna lokale synonym: Skrapkake. Så då bruker han dette ordet for alt det er verdt.
Han serverer også meir eller mindre sanne, pikante detaljar frå sexlivet til slektningar, og ei historie om kva sanksjonar han møtte då han ikkje ville skrella mange kilo ingefær med skei.
– Eg vil bli sett og likt av andre, og eg har alltid likt å få folk til å le, seier Hagli til Aftenbladet om kvifor han stiller seg opp på ein scene og grip mikrofonen.
Håvard Hagli er kokk og komikar. Foto: Kristine M. Stensland
Han er, til liks med nokon i publikum, heime på juleferie. Det siste året har 32-åringen budd i Oslo for å satsa på standup.
– Eg vil sjå kor langt eg klarer å koma.
I hovudstaden er miljøet større, moglegheitene fleire og konkurransen hardare. Hagli jobbar målretta med å bygga nettverk, og han veit at det er viktig å bli sett av dei rette folka for å få vera med på show.
Nyleg starta han og to andre komikarar Kjas humor som har klubbkveldar på Honolulu Karaoke. Kokk er han framleis.
– Nokon dagar blir det veldig travelt når eg jobbar som kokk frå ti til fem og har show frå seks til ti. Men standup er ikkje like fysisk krevjande som det er å jobba på kjøkken.
Norsktimen
Siste innslag på scenen er ein norsktime:
Var det mindre eller færre folk på Mellombels i år enn i fjor?
Og heiter det skjedekollisjon, eller kjedekollisjon, piggfrie eller pikkfrie dekk?
Det er Trond Anfinnsen, lærar ved Bryne vidaregåande, som bruker den faglege bakgrunnen sin aktivt på scenen.
– Eg er norsklærar. Ikkje ein sånn kjedeleg ein. Eg er meir ein sånn «fresh» ein som boblar over av entusiasme og livsglede, seier han med eit alvorleg ansikt.
Trond Anfinnsen avsluttar showet. Foto: Magnus Kolstad
– Der tok eg i bruk ironi, seier han.
Det same verkemiddelet understrekar han at han bruker då han seier at han går på Sats for å oppleva god musikk.
Dei morosame 50-åra
Etter showet fortel han at han debuterte som komikar på sin eigen femtiårsfest. Så begynte han å gå fast på open mikrofon på onsdagar, litt som at ungane skulle på treningar andre dagar, så skulle han far gjera standup.
I starten fann han på nye vitsar kvar gong. Men så fekk han eit venleg tips frå den rutinerte komikaren Karsten Blomvik, om at litt av poenget var å gjera det same igjen og igjen slik at ein kunne få vitsane til å sitja.
Og det var Jan Rune Holdhus, blant anna kjent som karakteren June Kommune, som oppfordra Anfinnsen til å laga seg ein scenekarakter, og at han burde vera det han var, ein norsklærar.
– Eg innsåg at eg som lærar står på ein scene kvar dag, seier Anfinnsen, som trur underhaldningsverdien har auka også for elevane hans etter at han begynte med standup.
På showet på Blåveis er det han som skal vera konferansier. Håpet er at han kan la dei innøvde vitsane ligga og utelukkande spela på det han får til å oppstå i møte med publikum. Då er det kjekkast.
Brutale julebord
På Mellombels er publikum imøtekomande, og dei på scenen får nok latter til at det ikkje blir vondt å vera til stades. Men norsklæraren har også stått på scenen og ønskt seg langt bort. Som den gongen han var underhaldningsinnslag for ei jærsk entreprenørbedrift på julebordet deira i toppetasjen på Høghuset på Bryne.
På førehand hadde han spurt om publikum tolte dryg humor. I ettertid innser han at han ikkje burde ha trudd at han kom til å få eit nei på det spørsmålet, sjølv om det var sanninga.
– Eg køyrde på. Det gjekk eit gisp gjennom forsamlinga.
Å gjera standup på julebord kan vera brutalt, men det er jo betre betalt. Derfor gjer han det. Han og mange andre komikarar gjer humoren mildare på slike jobbar. Så om ein vil høyra dei grovaste vitsane, må ein gå på ein klubbkveld som denne.
Dei mørkaste skal få bli verande der dei blei sagt, og ikkje bli siterte, for det er noko av greia med standup, at veldig mykje er lov der som ikkje er lov elles. Det er ei lunge der samfunnet kan lufta ut mørke tabu, og der menneska kan sitja i dunkelt publys og le av seg sjølve.